fredag 2. oktober 2009

Dustefjerten og den store gullfiskjakta

Det hadde begynt å regna ein dag. Etter den dagen hadde det regna heile tida. Dråpane kom i svære klasar mot bakken. Alt var vått. Likevel regna det vidare.

Dustefjerten og andungen satt ved kjøkenbordet. Dei hadde spist frokostpuddingen sin. Dei var mette. No satt
dei og såg ut på det klissvåte landet.
- Vi burde vera glade, sa Dustefjerten.

0 comments:

Legg inn en kommentar